Vianvang_45.jpg
Foto-Kristoffer-Mæle-Thuestad-57.jpg
_B2A7826.jpg
vianvang_02.jpg
Vianvang_39.jpg
Lemonsjøen_fjellstue_22.jpg
Vianvang_45.jpg

Brimi-kjøken

Bli lærling!

Lær om saus og suppe, om rein og rype, om brød og bollar, om fjell og natur. Kanskje finn du vegen til det gode kokke-, baker, reiseliv- eller servitørliv. Velkomen til reiselivet!

Eg vil bli lærling!

SCROLL DOWN

Opplæringskontoret Brimi-Kjøken vart starta i 2008, for å gje unge utdanning i kokkefaget etter Arne Brimi sin matfilosofi, i samarbeid med reiselivsbedrifter i Jotunheimen. Vi tilbyr læreplassar i kokk-, baker-, servitør- og reiselivsfaget. Bedriftene har eit nært samarbeid, og lærlingane er velkomne til å praktisere på dei ulike bedriftene.

Det blir arrangert kurs og samlingar, det blir også organisert utflukter i naturen, og av og til studieturar. Arne Brimi på Vianvang og vertskap på dei andre bedriftene tilbyr ei innhaldsrik læretid med basis i kunnskap om råvarer og historie, kultur og samanhengar i naturen.

Søknad om lærlingeplass kan sendast inn heile året og blir vurdert fortløpande. Finn det gode kokkeliv, eller til å bli den glade baker – i hjertet av Norge. Velkomen som lærling i kokk-, baker-, servitør- eller reiselivsfaget!

Her finn du oss!

Foto-Kristoffer-Mæle-Thuestad-57.jpg

Ledige lærlingplassar

Ledige lærlingplassar

Ledige lærlingplassar

Ledige lærlingplassar

Starte som lærling i 2025?

Her ser du oversikta over ledige lærlingplassar hjå oss frå 2025.
Vi vil anbefale alle å besøke oss for ei lita utplassering før du eventuelt søkjer lærlingeplass. Da blir du kjendt med oss, og vi blir kjendt med deg. Da kjennes det litt tryggare å ta steget ut i arbeidslivet. Både for deg, for oss, og for dei heime.

Bessheim fjellstue

SØKJER

  • to kokkelærlinger

  • ein reiselivslærling

Fjellstue med Besseggen som næraste nabo, drive av vertinne Kari og kokk Bjørn. Serverar raus, norsk frukostbuffet, og både a la carte og 3-rettars meny kvar kveld. Ekstra stas er det å servere aure frå eit lokalt fiskevatn, og rein frå Vågå Tamreinlag.

Les meir om Bessheim her

Vianvang

SØKJER

  • EIN kokkelærling

Arne Brimis eigen restaurant på 1000 meter over havet.
På Vianvang skal du kunne oppleve det gode måltid, lære litt om deg sjølv, og andre. Serverar ei matoppleving på kveldstid, men ikkje kvar dag.

Les meir om Vianvang her

BrimiBue

SØKJER

  • EIN kokkelærlinger

  • ein servitørlærling,

  • eller ein reiselivslærling

Hotell med restaurant midt i Lom sentrum, drive av vertinne Tina og kokk Dan-Robin.
Serverar sundagsfrokost kvar dag i veka, kveldsmeny kvar kveld, og lunsj om sommaren.

Les meir om BrimiBue her

Lemonsjø Fjellstue og hyttegrend

SØKJER

  • EIN kokkelærlinger

  • ein reiselivslærling,

  • eller ein servitørlærling

Fjellstue drive av to generasjonar; mor og kokk Marit, vertinne Mari og kokk Tor Ivar. Ligg midt i smørauget for deg som vil gå på ski, stå på ski, terrengsykle eller gå i fjellet. Klassisk, norsk tradisjonskjøken med over 40 års erfaring.

Les meir om Lemonsjø Fjellstue og hyttegrend her

Brimi Fjellstugu

SØKJER

  • EIN KOKKELÆRLING

Brimi Fjellstugu ligg midt i eit fjelleldorado, midt i Brimiland.
To generasjonar fjellstugu-vertskap; Eva, Vegard, Lene og Harald.
Serverar raus, heimelaga mat til frokost og kveldsmeny, og lunsj om sommaren.

Les meir om Brimi Fjellstugu her

Bakeriet i Lom

SØKJER

  • TO BAKARLÆRLINGER

Du har kansje høyrt om store, saftige bollar, om metervis med kø?
Morten Schakendas suksess i Lom starta da han opna bakeriet i 2004.
Lær deg å bake bollar og brød på Noregs kanskje mest kjende bakeri.

Les meir om Bakeriet i Lom her

Thon Hotel Otta

SØKJER

  • EIN KOKKELÆRLING

  • EIN REISELIVSLÆRLING

Hotell med 85 rom og konferansesal til 220 personar i Otta sentrum. Er eit naturleg knutepunkt mellom Trondheim og Oslo, med Rondane Nasjonalpark som næraste nabo.

Les meir om Thon Hotel Otta her

_B2A7826.jpg

Instagram

Dagleglivet i Brimi Kjøken

Instagram

Dagleglivet i Brimi Kjøken

Følg oss på Instagram for å få innblikk i kvardagen i eit lærlingliv i fjellheimen!

vianvang_02.jpg

Lærebedrifter

Lærebedrifter

Fantastiske moglegheiter i Nord-Gudbrandsdalen

Lærebedrifter

Lærebedrifter

Fantastiske moglegheiter i Nord-Gudbrandsdalen

Vianvang

Arne Brimis eigen restaurant på 1000 meter over havet.
På Vianvang skal du kunne oppleve det gode måltid, lære litt om deg sjølv, og andre. Serverar ei matoppleving på kveldstid, men ikkje kvar dag.

Brimi Fjellstugu

Brimi Fjellstugu ligg midt i eit fjelleldorado, midt i Brimiland.
To generasjonar fjellstugu-vertskap; Eva, Vegard, Lene og Harald.
Serverar raus, heimelaga mat til frokost og kveldsmeny, og lunsj om sommaren.

BrimiBue

Lite hotell med restaurant midt i Lom sentrum, drive av vertinne Tina og kokk Dan-Robin.
Serverar sundagsfrokost kvar dag i veka, kveldsmeny kvar kveld, og lunsj om sommaren.

Bessheim Fjellstue

Fjellstue med Besseggen som næraste nabo, drive av vertinne Kari og kokk Bjørn. Serverar raus, norsk frukostbuffet, og både a la carte og 3-rettars meny kvar kveld. Ekstra stas er det å servere aure frå eit lokalt fiskevatn, og rein frå Vågå Tamreinlag.

Hindsæter

Lite fjellhotell med sætersuiter, fjellspa, og Jotunheimen rett utanfor døra.

Gjendesheim

DNT-hytte som ligg ved Gjende i Vågå. Flott utgangspunkt for fjellturar i Jotunheimen, blant anna Besseggen.

Lemonsjø Fjellstue og Hyttegrend

Fjellstue drive av to generasjonar; mor og kokk Marit, vertinne Mari og kokk Tor Ivar. Ligg midt i smørauget for deg som vil gå på ski, stå på ski, terrengsykle eller gå i fjellet. Klassisk, norsk tradisjonskjøken med over 40 års erfaring.

Bakeriet i Lom

Du har kansje høyrt om store, saftige bollar, om metervis med kø?
Morten Schakendas suksess i Lom starta da han opna bakeriet i 2004.
Lær deg å bake bollar og brød på Noregs kanskje mest kjende bakeri.

Thon Hotel Otta

Hotell med 85 rom og konferansesal til 220 personar i Otta sentrum. Er eit naturleg knutepunkt mellom Trondheim og Oslo, med Rondane Nasjonalpark som næraste nabo.

Raubergstulen

Mat og kvile eit lite steinkast frå sjølvaste Galdhøpiggen!

Vianvang_39.jpg

Kvifor bli lærling?

Kvifor bli lærling?

Kvifor bli lærling?

Kvifor bli lærling?

Les kva læringane våre seier

Lemonsjøen_fjellstue_22.jpg

Eg vil bli lærling

Søke lærlingplass, eller er det noko du lurar på?

Meld di interesse i dag

Eg vil bli lærling

Søke lærlingplass, eller er det noko du lurar på?

Meld di interesse i dag

Fyll ut skjemaet, så tek vi kontakt med deg.