– Her kjem ein seg opp i høgda, seier Silje om Lemonsjø fjellstue. 

Nærleiken til fjella er ein av grunnane til at ho har søkt seg til Brimi-Kjøken. 

Silje Marie Ulsand Brekken (19) arbeider seg inn mot fagprøve etter snart to år som lærling hjå Marit, Tor Ivar og Mari på Lemonsjø fjellstue og hyttegrend. Familiebedrifta som husar ivrige fjellfolk, og mettar både lokale og turistar, får lærlingane til å føle seg som heime. 

– Sjølv om ein er på arbeid, er det som å stå på kjøkenet heime, seier Silje. 

Brimi-kjøken arrangerer fleire turar kvart år. For å halde eit aktivt nettverk mellom lærlingane er det jamne samlingar og felles utfluktar. Det er óg lengre turar, både innanlands og utanlands.

– Vi har vore i Frankrike og lært om ost og vin, og vi skal til Oslo på Kulinarisk Akademi, fortel Silje.

Lærlingane kan og besøke andre bedrifter i Brimi-kjøken, og dei oppmodas til å arbeide ein dag hjå nabobedrifta om det høver seg slik. På Lemonsjø fjellstue får kokkelærlingane prøve seg på mange ulike arbeidsoppgåver, både på kjøkenet og i den daglege drifta. Kva Silje vil gjere etter lærlingtida, er ho ikkje sikker på enda. 

– Eg har vore inne på tanken å fortsette her om det går, men eg vurderer å gå lærling som servitør, seier Silje. 

 

Silje fortel meir om å være lærling på Lemonsjø fjellstue