Camilla går i fotspora til syster si, som og var lærling i Brimi-kjøken. 

Det er ein roleg dag på Vianvang, men lærlingane og kokkane held eit stødig tempo. Det er ikkje servering her kvar dag, men det trengs mykje førebuingar for å servere mange rettar på ein kveld. 

Camilla Brendjord Hetland (18) er fyrsteårslærling på Vianvang. Ho har vorte inspirert til å velje kokkeyrket av storesyster Anette, som var lærling hjå Bessheim fjellstue. 

– Ho var det store forbildet mitt då eg var yngre. Eg valde Vianvang, for her var Arne, og eg ville gjerne lære av han, seier Camilla. 

Camilla fortel at ho lærer noko nytt kvar dag på Vianvang. 

– Vi driv veldig tradisjonelt og hentar veldig mykje råvarer frå naturen, forklarar ho. 

I frysaren ligg rype og tiur Arne sjølv har hausta, og litervis med bær som lærlingane har plukka. Camilla er sjølv fascinert av reine smakar som kan skjule seg bak «enkle» rettar. 

– Ein rett som kan sjå enkel ut kan ha ein stor smaksoppleving. Folk blir glad av mat og det å kunne samlast kring eit måltid, seier Camilla om det som engasjerer i kokkeyrket. 

 

Camilla fortel meir om å være lærling på Vianvang