Livet som lærling

Oppstart

Når du startar som lærling, er det ofte fyrste steget ut i arbeidslivet. Mange av våre lærlingar kjem langvegsfrå, og det er kanskje fleire timar å kjøre heim att. Da er det ekstremt viktig å kjenne seg trygg på ny plass, og ikkje minst å trivast. Vi har stort fokus på nettopp dette, og ynskjer at lærlingane skal kjenne på eit tett samhald. Difor lagar vi eit årshjul med fleire lærlingsamlingar som sjølvsagt har fokus på det faglege, men også det sosiale.

Dei aller fleste lærlingane våre startar om sommaren, mellom 20. juni og 20. august. Vi er da inne i hovudsesongen i vår region, og lærlingtida di startar difor nokså travel. Dette gjer at du bli fort kjendt med bedrifta du jobbar i.
I slutten av august / starten av september er vi klare for den fyrste lærlingesamlinga. Oppstartsamlinga blir vanlegvis halde på Arne Brimis Vianvang, og du vil for fyrste gong treffe alle dei andre lærlingane.


Lærlingetida

Når du blir lærling, skriv du ei lærekontrakt med Opplæringskontoret, og ei arbeidskontrakt med lærebedrifta di. Du vil difor bruke mest tid i di eiga lærebedrift. I kvardagen er difor lærlingane spredd på dei forskjellige lærestadane sine. Difor er det så stas når vi kan treffast - alle saman.

Gjennom lærlingetida di vil du vera med på fleire kurs, overnattingsturar, og sosiale treff. Kursa blir halde hjå dei forskjellige bedriftane, med både oss sjølve og eksterne som kurshaldarar. Du vil slik bli kjendt med dei andre bedriftene og dei andre lærlingane, og knyte bekjentskap som kan vare resten av livet!


Annakvart år reiser vi på studietur til utlandet. Reisemålet varierer, men vil vera ein av Europas mathovudstader. Før har vi vore både i Frankrike, Spania og Italia. Eit høgdepunkt som vi gler oss til, både lærlingane og bedriftane.
Det året vi ikkje er på utanlandstur, har vi Vintercamp på Lemonsjøen. Der kosar vi oss saman ei veke til ende. Kvar dag er vi ute på vinteraktivitetar, og kvar kveld er det matverkstad på kjøkenet til Lemonsjø Fjellstue.


Avslutning

Siste halvåret av lærlingtida, startar ofte fagprøvenervane å snike seg på. Vi skal gjere det vi kan for å gjere deg trygg til å fullføre fagprøva di. Kvar einaste lærling hjå oss får difor ei prøvefagprøve når det nærmar seg fagprøvedato. Det er ei oppgave lik som ei fagprøve, og blir halde på same måte som ei fagprøve. På denne måten får du kjenne sjølv korleis det er å stå i ei fagprøve, og du får sjansen til å evaluere deg sjølv.
Målet vårt er sjølvsagt at alle lærlingane skal gå seirande ut med fagprøva i handa, akkurat som desse har gjort før deg:



Søke lærlingplass, eller er det noko du lurar på?

Fyll ut skjemaet, så tek vi kontakt med deg!