Både far og bestefaren til Stian var kokk. Sjølv fann han yrkesvegen sin etter utdanninga som mekanikar var ferdig.  

Stian Baukhol frå Sør-Fron gjekk fyrst TIP på Vinstra vidaregåande skule. Etter tre år tok han ein u-sving frå vegen mot mekanikar og søkte seg som lærling hjå Brimi-kjøken og Vianvang.

– Både bestefar og far min var kokk, og det lokka meg og, seier Stian.

Like før jul tok han fagprøva. No har han nyleg starta i fast stilling som kokk hjå eine nabobedrifta, Hindsæter Fjellstue. 

– Det gler eg meg på. Målet mitt er å gjere det beste ut av det. Eg skal ha det artig på arbeid og kose meg, seier han. 

Stian roser miljøet i Brimi-kjøken, og den gode oppfølginga Arne Brimi gjev på Vianvang. 

– Det er eit fantastisk miljø her. Gode kokker og lærlingar møtes og har det artig saman. Vi løyser mange utfordringar og får mykje kunnskap av kvarandre i Brimikjøken. Måten Arne tek oss imot oss lærlingar på, alle er velkomne til å lære på Vianvang, det er fantastisk, seier Stian. 

Han oppmodar dei som er interesserte i å bli kokkelærling til å være positive, engasjerte og vise interesse for faget og lærestaden. 

– Møt folket med eit smil, og ikkje vær redd for å gjere ein feil. Då er det berre å prøve på nytt, det er slik ein lærer, meiner Stian. 
 

 

Stian fortel meir om å være lærling på Vianvang