Lærlingar og bedrifter i Brimikjøken har vore i Italia. Turen gjekk via Geneve til Aosta og Alba og vidare til Nice før heimreise.

Temaet var ost og vin og måltidsoppleving. Vi fekk god innføring i ein godt gjennomført og svært interessant samvirkemodell, når det gjeld produksjon og salg av ost og vin.

Sjølv om januar ikkje er den mest fargerike månaden så fekk vi glimt av eit fantastisk vinlandskap omkransa av like fantastiske alpe-fjellrekker.