Frisklivskonsulent i Vågå kommune; Mona Sveen inviterte oss til Vågå hotell til ei økt med overskrifta «Betre helse = betre liv.
Ho fekk oss til å reflektere over måltid og fysisk aktivitet – og kor viktig det er å vera bevisste på kva vi puttar i munnen og at vi held kroppen vedlike fysisk. Den store syndebukken er alt sukker vi har i oss – som rett og slett gjer oss slappe og trøytte, og fører til fleire livsstilssjukdommar som diabetes, høgt blodtrykk, hjerteproblem, for mange kilo og belastningar for kroppen på grunn av dette.
Dagleg fysisk aktivitet er overkommeleg for alle, uansett arbeidsdag – når vi legg det på eit nivå som fungerer i kvardagen vår.
Etter at kvelden vart avslutta med spinning var vi gode og varme i kroppen og røde i toppen:-)