• Bli lærling
  • Livet som lærling
  • Våre lærlinger
  • Kontakt

Opplæringskontoret Brimi-kjøken

  • Bli lærling
  • Livet som lærling
  • Våre lærlinger
  • Kontakt
Vianvang

Vianvang

Arne Brimis eigen restaurant på 1000 meter over havet.

På Vianvang skal du kunne oppleve det gode måltid, lære litt om deg sjølv, og andre. Serverar ei matoppleving på kveldstid, men ikkje kvar dag.

BrimiBue

BrimiBue

Hotell med restaurant midt i Lom sentrum, drive av vertinne Tina og kokk Dan-Robin.

Serverar sundagsfrokost kvar dag i veka, kveldsmeny kvar kveld, og lunsj om sommaren.

Bessheim fjellstue

Bessheim fjellstue

Fjellstue med Besseggen som næraste nabo, drive av vertinne Kari og kokk Bjørn. Serverar raus, norsk frukostbuffet, og både a la carte og 3-rettars meny kvar kveld. Ekstra stas er det å servere aure frå eit lokalt fiskevatn, og rein frå Vågå Tamreinlag.

Brimi Fjellstugu

Brimi Fjellstugu

Brimi Fjellstugu ligg midt i eit fjelleldorado, midt i Brimiland.

To generasjonar fjellstugu-vertskap; Eva, Vegard, Lene og Harald.

Serverar raus, heimelaga mat til frokost og kveldsmeny, og lunsj om sommaren.

Lemonsjøen Fjellstue og Hyttegrend

Lemonsjøen Fjellstue og Hyttegrend

Fjellstue drive av to generasjonar; mor og kokk Marit, vertinne Mari og kokk Tor Ivar. Ligg midt i smørauget for deg som vil gå på ski, stå på ski, terrengsykle eller gå i fjellet. Klassisk, norsk tradisjonskjøken med over 40 års erfaring.

Bakeriet i Lom

Bakeriet i Lom

Du har kansje høyrt om store, saftige bollar, om metervis med kø?

Morten Schakendas suksess i Lom starta da han opna bakeriet i 2004.

Lær deg å bake bollar og brød på Noregs kanskje mest kjende bakeri.

Thon Hotel Otta

Thon Hotel Otta

Hotell med 85 rom og konferansesal til 220 personar i Otta sentrum. Er eit naturleg knutepunkt mellom Trondheim og Oslo, med Rondane Nasjonalpark som næraste nabo.

Hindsæter

Hindsæter

Lite fjellhotell med sætersuiter, fjellspa, og Jotunheimen rett utanfor døra.

Gjendesheim

Gjendesheim

DNT-hytte som ligg ved Gjende i Vågå. Flott utgangspunkt for fjellturar i Jotunheimen, blant anna Besseggen.

Raubergstulen Turisthytte

Raubergstulen Turisthytte

Mat og kvile eit lite steinkast frå sjølvaste Galdhøpiggen!

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
Vianvang
BrimiBue
Bessheim fjellstue
Brimi Fjellstugu
Lemonsjøen Fjellstue og Hyttegrend
Bakeriet i Lom
Thon Hotel Otta
Hindsæter
Gjendesheim
Raubergstulen Turisthytte
Top

Partnere

rgb_SB1_Lom_skjaak_verti_bw_neg.png

Kontakt

Driftansvarleg Lene Grothe
post@brimikjoken.no
Telefon 906 44 363

Styreleiar Tor-Ivar Furuset
Telefon 952 55 589

Om oss

Opplæringskontoret Brimi-Kjøken tilbyr læreplassar knytt til bedrifter rundt Jotunheimen. Bedriftene har eit nært samarbeid med stort fokus på trivsel, og tilbyr læreplassar i faga kokk, bakar, servitør og reiseliv.

Tilrettelagt av Trollbinde