Matnyttige dagar i Lom!

Om du er kokk eller bonde, tradisjonell eller utradisjonell, reiselivsbedrift, utdanningsaktør eller politikar, eller berre glad i god norsk mat – velkomen til Lom!

Målet med denne konferansen er å skape begeistring og stoltheit på tvers av fagfelta, gi ny motivasjon og samtidig vera med å sikre rekrutteringa til matfaget, landbruket og reiselivet.

Konferansen Kokken, Bonden og Reiselivet varer frå lunsj til lunsj onsdag 6.november - torsdag 7. november.

Vi inviterer til erfaringsutveksling og inspirasjon i nasjonalparklandsbyen Lom.

logo_kokken_bonden_og_reiselivet_hvit-03.png

Vi er veldig stolte av å kunne presentere Claus Meyer som ein av foredragshaldarane i november!

Meyer kjem frå Danmark, og har dei siste 30 åra hatt ei viktig rolle i arbeidet med å utnytte potensialet som ligg i den danske matkulturen. Han har vore involvert i ei rekke prosjekt, innan forskning, som konsulent og ikkje minst samfunnsnyttige prosjekt.

Han reknast som ein kulinarisk gründer, mataktivist, forfattar og TV-kokk. Meyer har vore kjend i Danmark lenge, men vart spesielt kjend internasjonalt etter han var med å starte restauranten Noma i 2004.
Tema for foredraget til Meyer er «Gastronomisk framtid». Meyer får gjerne æra for å ha starta matfilosofien «det nye skandinaviske kjøkkenet».

Meyer har starta fleire firma og organisasjonar; Great Northern Food Hall og reastaurant Agern i New York i 2016, og nyleg Brownsville Community Culinary Center i New York, for å gi fattige unge en ny framtid. Den anerkjende restauranten Gustu i Bolivia er og ein av Meyers suksessar. For andre år på rad arrangerte Meyer med venner Haven Festival i København, ein festival «for sanserne, der vil fusionere eksperimenter i kunst, musik, mad og øl.»

Meir om Claus Meyer på www.meyersmad.dk

 

«... der ligger noget næsten religiøst i det gode brød, og det vil være en katastrofe, hvis vi siger: Fuck brødet. Hvis vi kun har smagt toastbrød fra Schulstad, har vi mistet evnen til at skelne mellem godt og dårligt brød, og det fremmer elendighe…

«... der ligger noget næsten religiøst i det gode brød, og det vil være en katastrofe, hvis vi siger: Fuck brødet. Hvis vi kun har smagt toastbrød fra Schulstad, har vi mistet evnen til at skelne mellem godt og dårligt brød, og det fremmer elendigheden baglæns hele vejen ned i værdikæden. Det rammer bønderne, jorden og grundvandet.» Claus Meyer til Politiken, 2011 (Foto: Signe Birck)

 

Arne Brimi

Vår «eigen» Arne Brimi er sjølvskriven på konferansen. Brimi har fått fleire utmerkingar og prisar for sitt engasjement og formidling av norsk matkultur, og vart utnevnt til ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2005. Han har forfatta eit titals kokebøker, driv i dag Vianvang i Vågå og har nyleg kjøpt praktgarden Sundhågån saman med tre datterselskap av Coop-konsernet.

Brimi brenn for gode, gjerne lokale råvarer og ser fram til inspirerande og engasjerande dagar i Lom.

 
Arne Brimi syner fram "plankefisk" på Nye Brimibue i Lom. (Foto: Visit Jotunheimen)

Arne Brimi syner fram "plankefisk" på Nye Brimibue i Lom. (Foto: Visit Jotunheimen)

 

Pål Knutsson Medhus

Vi er heldige som har Pål både som konfransier og foredragshaldar i år. Pål brenn for at folk skal ha gode opplevingar. På ferie, i fritida og på JOBB!

–  Eg brenn for at det enkle og gode blir verdsatt, og skapt verdier rundt. Eg brenn for at lokalsamfunn, små og store skal få være seg sjøl med sitt og sine, og at dette ikkje blir stua bort i eit stort byråkatisk system.. EG brenn for at reiselivsfaget skal få meir oppmersomhet, og bli tikji på alvor, få annerkjennelse og muligheter som gir meining! Vekk med «skrikekokker» frå TV-skjermen med stoppeklokke og sjulte agendar, og fram med det gode!

Pål Knutsson Medhus er utdanna kokk, og bur på farsgarden i Hol. I dag blir han kalla opplevelsespioner og inspirator.

 

Fru Timian

Marit Røttingsnes Westlie er best kjend som Fru Timian. Ho vil fortelje om «korleis eg kjem meg inn på kjøkenbenken til mine følgere». Fru Timian er ei engasjert og begeistra matformidlar gjennom bloggen Fru Timian, andre sosiale medier, kurs og foredrag. Ho elsker å samle familien og vener rundt kjøkenbordet både til kvardags og fest. Med oppskriftane sine vil ho inspirere andre til å være kvardagshelter i matlaging.  

Marit Røttingsnes Westlie, betre kjent som Fru Timian. (Privat foto)

Marit Røttingsnes Westlie, betre kjent som Fru Timian. (Privat foto)

 

Inger Johanne Sveen

Inger Johanne Sveen frå Norges Bondelag vil fortelle om framtidas kompetansebehov i landbruket.

Sveen har eit stort engasjement for levande bygder - og å gjeva ungdom moglegheiter.

Inger_Johanne_Sveen.jpg
 

Anders Bryn

Anders Bryn er førsteamanuensis ved Naturhistorisk museum (Universitetet i Oslo) og forsker ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).

Bryn har vore leiar av fleire forskningsprosjekter om kulturlandskap og reiseliv, samt undervist i natur- og kulturbasert reiseliv ved Høgskolen i Innlandet. Bryn har sjølv vore turleiar og reiselivsguide i fleire år, mellom anna i Gudbrandsdalen.

AndersBryn_2015.jpg
 

Anita Løyning

Bransjestoltheit! Det er noko av det Anita Løyning frå Lærlingkompaniet Rogaland brenn for. Ho arbeidar med å rekruttere flinke folk til kokk- og servitørfaget, og gler seg til å ta turen til Lom. Den sprudlande kokken vil spre stoltheit og engasjement for kokkar og servitørar.

 
image1 (1).jpeg
 

Anna Haugstad Avdem, Hans Brimi og Cecilie Asp

om produktuvtikling, kvalitet og bærekraft

Anna Haugstad Avdem starta i 2015 Avdemsbue på Lesja. I lokala til ein landhandel som starta i 1878 har Anna seld produkt frå småskalaprodusentar på tredje året, og no står ei spenstig utbygging på trappene. Foreldra driv Avdem Gardsysteri.

Hans Brimi driv er odelsgut på garden Brimi. Han er kokk og opplært og inspirert av kjøkenet på Fossheim i Lom, der Arne Brimi var kjøkensjef. Han driv Brimi sæter ved Tesse saman med Ola Tangvik.

Cecilie Asp og Anders Formo driver gård og Formoseter på Høvringen. Her leier ho ut sjarmerande seterhus ved Rondanes forgård. Turistar frå nær og fjern er gjestar, som opplever fjellets ro og nydelege måltid på Formoseter.

Yrkesvalg – ved tre av dei

Kristian Olav Garmo er ein ung og ivrig gardbrukar, som gjerne vil dele sine tanker og val om det å bli bonde på heiltid.

Camilla Brendjord Hetland er lærling hjå Arne Brimi på Vianvang, og er glad i enkle råvarer med gode smaker.

Livia Julia Sauter arbeider hjå BrimiBue, og har lang fartstid og god innsikt i reiselivet i Nord-Gudbrandsdalen.

Representantar frå TINE og Nortura

Karin Marie Røhne er regionsjef i Nortura, og har heile si yrkeskarriere i landbrukssamvirke. Fyrst i Felleskjøpet, no i Nortura. Røhne brenn for Norsk Landbruk- og næringsmiddelindustri, levande bygder og ein norsk matproduksjon som er trygg, sunn og bærekraftig.

Eli Reistad, organisasjonssjef i TINE.

Rein som merkevare

Pål Grev frå Vågå tamreinlag tek turen for å fortelje om fjellets nomade – reinen.

Representant fra Oppland fylkeskommune

Med atterhald om endringar!

Påmeldingsfrist var den 1. november – men det er enno ledige plasser. Send oss ein e-post.


Program med klokkeslett

Tysdag 13. november

12.00-13.00: Lunsj i Utgard

13.00: Velkomen til konferanse: ved Unni Strand – dagleg leiar i Sparebank 1 Lom og Skjåk og konferansier Pål Knutsson Medhus. Kulturelt innslag.

13.30: Gastronomisk framtid
13.30 – 14.15: Claus Meyer, Dansk verdenskokk: “Om at forfølge sit potentiale – og elske det man gør”
14.15 – 15.00: Arne Brimi: “Mat med identitet”

15.00–15.30: Pause: Mingling i foajeen. Produktpresentasjon frå Gudbrandsdalsmat

15.30: Produktutvikling, kvalitet og bærekraft
15.30 – 15.45: Anna Avdem – butikksjef på Avdemsbue
15.45 – 16.00: Hans Brimi – turistvert Brimi sæter
16.00 – 16.15: Cecilie Asp – gardbrukar, kokk og turistvert Formoseter på Høvringen
16.15 – 16.45: Pål Knutsson Medhus – sjef for Høve Støtt: “Bærekraft i reiselivet”

16.45–17.15: Pause

17.15: Marknadsføring
17.15 – 17.45: Marit Røttingsnes Westli – alias Fru Timian, bloggar og matformidlar: “Sånn kommer jeg inn på kjøkkenbenken til mine følgere!”

19.15: Oppladning til middagen – ved sokneprest Einar Gelius og musikar Reidar Svare

20.00: Middag på BrimiBue

Onsdag 14. november

08.30: Bondens hverdag og reiselivets tilgang på råvarer
08.30 – 09.00: Anders Bryn, Norsk institutt for bioøkonomi:“Kva betyr kulturlandskapet for reiselivet”
09.00 – 09.20: Eli Reistad, organisasjonssjef i TINE
09.20 – 09.40: Karin Marie Røhne, regionsjef Nortura:“Dagens markedssituasjon for kjøtt”

9.40: Rein som merkevare
9.40–10.00: Pål Grev frå Vågå tamreinlag

10.00 – 10.30: Pause

10.30: Kompetanse; rekruttering og utdanning
10.30 – 11.00: Kjem!
11.00 – 11.30: Inger Johanne Sveen, rådgjevar i Norges Bondelag: “Framtidas kompetansebehov i landbruket”
11.30 – 12.00: Anita Løyning - Lærlingkompaniet Rogaland: “Bransjestoltheit”

12.15 – 12.30: Pause

12.30: Yrkesval, ved tre av dei
12.30 – 13.15: Camilla Brendjord Hetland, lærling på Vianvang, Livia Hølmo Sauter frå BrimiBue AS, Kristian Olav Garmo som er gardbrukar Lom

13.15: Avslutning: Pål Knutsson Medhus og Arne Brimi. Lunsj i Utgard.


Overnatting

Overnatting bestiller du sjøl. Vi har innhenta gode tilbud frå overnattingsplassane i Lom.

Fossheim Hotell (telefon 61 21 95 00)
 
Fossberg Hotell (telefon 61 21 22 50)

Nordal Turistsenter (telefon 61 21 93 00)


Pris og påmelding

 

1. Konferansepakke, konferanse begge dager, 2 lunsjer, 1 middag: kr 2250,-

2. Dagpakke dag 1, inkl lunsj og middag: kr 1700,-

3. Dagpakke dag 1, inkl lunsj: kr 950,-

4. Dagpakke dag 2, inkl middag dag 1 og lunsj dag 2: kr 1400,-

5. Dagpakke dag 2, inkl lunsj: kr 650,-

 

Meld di interesse på arrangementet på Facebook, så får du siste nytt.

Påmeldingsfrist var den 1. november – men det er enno ledige plasser. Send oss ein e-post.


Arrangørar