Mikael Genberg
Opplev mannen som forhandlar med NASA om ei hytte på månen. Med ein heilt unik energi og utstråling på scena sprer Genberg latter og innsikt med ein inspirerande ettersmak.
Ikkje vær redd – det umoglege er mogleg, skal vi tru kunstnaren, gründaren og innovatøren Genberg fra Sverige.
Genberg har bakgrunn som kunstnar i tradisjonelle kvite rom, men har dei siste åra utvida arbeidet sitt til fantastiske hotellprosjekt, mellom anna undervannshotellet Utter Inn, trehushotellet Hotell Hackspett. Genberg vil halde eit inspirerande og spennande foredrag i Lom.
Arne Brimi
Vår «eigen» Arne Brimi er sjølvskriven på konferansen. Brimi har fått fleire utmerkingar og prisar for sitt engasjement og formidling av norsk matkultur, og vart utnevnt til ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2005. Han har forfatta eit titals kokebøker, driv i dag Vianvang i Vågå og har nyleg kjøpt praktgarden Sundhågån saman med tre datterselskap av Coop-konsernet.
Brimi brenn for gode, gjerne lokale råvarer og ser fram til inspirerande og engasjerande dagar i Lom.
Christopher Davidsen
I januar 2017 vart superkokken frå Rogaland kåra til sølvvinnar i den prestisjefylte konkurransa Bocuse d'Or i Lyon. Han driv no restauranten Speilsalen på nyopna Britannia Hotel i Trondheim. Dei opna dørene i år, og han har høge ambisjoner for sin fyrste restaurant.
Han tek turen til Lom - og deler hjarteleg erfaringer frå si karriere som kokk.
Cathrine Selvaag
Cathrine er utdanna kokk, og arbeider med administrasjon av Ryfylkekokken som ho og mannen Frode eig og driv saman.
– Eg brenn for lokale produsenter, norsk mat og drikke, barn og unge!
Ho har vore for Gladmat festivalen / Matregionen AS / Det Norske Måltid. Ho er generelt engasjert i lokalmiljøet sitt i Stavanger, og sitt som leiar i ressursgruppe Finnøy i Næringsforeningen samt styremedlem i Tomatfestivalen.
Petter Brinchmann
Stolt og engasjert leiar for Nortura PROFF, Nortura si kommersielle avdeling med ansvar for Serveringsmarkedet.
– Matglede og mat med identitet er noko av det mest givande ein kan jobbe med. Matglede er kultur, nasjonal- og lokal identitet, og noko av dei viktigaste mellommenneskelege arenaene vi har. Å være medviten og ha fokus på kva vi et er heilt avgjerande. Difor arbeider vi i Nortura med matglede, sunnheit og bærekraft i alt vi gjer. Det synes eg er meinigsfylt og spennande!
Ingrid Gauden
– Eg brenn for ei framtidsretta og relevant fagopplæring, tilpassa ei næring i vekst, seier Ingrid Gauden frå NHO Reiseliv.
Ho har vore i NHO Reiseliv sidan august i år, som politisk rådgjevar med ansvar for rekruttering og kompetanse. Tidlegare har ho arbeidd med utdanningspolitikk i Kunnskapsdepartementet.
Marthe Dypdalen
Sauebonden frå Sødorp blir lett engasjert, og har mange jern i elden.
– Eg brenn generelt for norsk landbruk, og spesielt sau, utmarksressursar og beitebruk - då det er dette eg held på med sjølv. Er oppteken av landbrukspolitikk og å engasjere seg i organisasjonsarbeid som går under norsk landbruk.
Eivind Haalien
– Eg brenn for god mat som er laga med både hjarte, hender og hovudet. Og så liker eg bra måltid som bidreg til gode samtaler, gode opplevingar og gode minner.
Haalien er kategorisjef for Lokalmat- og Spesialiteter i NorgesGruppen ASA og held foredraget Lokalmat i Norgesgruppen – Kva, kvifor og korleis?.
Olav Lie-Nilsen
– Eg brenn for Norsk mat og matproduksjon, matkultur og måltidsopplevingar, eigerskap og verdiskaping. Eg gler meg til å ta turen til Lom!
Nilsen driv Thorbjørnrud Hotel og Øvre Kjekshus gard, og vil halde foredrag om eierskap i verdikjeda.
Laila M. Berge
– Eg brenn for sidestilling av yrkesfag og studiespesialisering! Har arbeidd i hotell- og restaurantnæringa i 43 år, og har ikkje angra ein dag.
Berge har arbeidd i Lærlingekompaniet sidan 1997, og har jobba som resepsjonist, servitør og vinkelner.
Bjørn Ekerbakke
Bjørn er kjøkkensjef på Bessheim Fjellstue, som han driv saman med sambuar Kari Lund. Han er ein svært engasjert kokk, spesielt opptatt av god mat - gjerne norsk og lokal. Han har lang erfaring som kokk, både i Sjodalen og på Beitostølen.
Ola Kaurstad
Han og familien driv Valbjør Gard i Vågå, der driv gard med geit. Ved sidan av å lage stuttreiste produkt av høg kvalitet, har dei overnatting på garden.
– Det er mykje som motiverar meg. Men fyrst og fremst er eg lidenskapeleg oppteken av landbruk, og det å nytte ressursane vi har, geografiske som menneskelege, uten å forringe eller legge begrensinger for kommende generasjoner. Eg har klokkertro p at alle kan få til det dei vil, og at vi ikkje skal kaste bort tida på å gjere ting vi ikkje er interesserte i.
Ola Vaagaasarøygard
Reinsgjetar, sauebonde og turistvert på Olavsbu! Ola er levande opptatt av å nytte naturen både for matproduksjon, dyrehald og for at folk skal få oppleve den. Han er og kjend frå NRK sin dokumentarserie om reingjetarlivet i Jotunheimen.
Geir Ulekleiv
Geir Ulekleiv er sivilagronom, gardbrukar og drivar av Vigga Vekst. Med base på garden sin på Lora held han kurs og aktivitetar, ut frå sin filosofi:
– Eg brenn for bærekraft og miljø. Og å kunne bidra til auka kunnskap om korleis maten blir produsert og betre dialog mellom by og land.
Øystein Rudi
Saman med Nina er Øystein Rudi vert på Rudi Gard på Sør-Fron, og dei har sidan år 2000 utvikla kulturarrangement og opplevingar slik at dette er no hovudnæring på garden. Dei fleste aktivitetar har utgangspunkt i landbruk, kulturlandskap og lokale ressursar.
Rudi er no direktør for Gudbrandsdalsmusea. I tillegg til å være landets mest profilerte spellemenn driv han tradisjonelt landbruk på garden og skjøtsel på kulturlandskap og 30 hus i dalen og på fjellet.
Rudi er vår konferansier under Kokken, Bonden og Reiselivet i Lom i år.
Unni Strand
Unni Strand er administrerande banksjef i Sparebank1 Lom og Skjåk – Fjellbanken som bankar for Norddalen - ho opner årets konferanse.