• Bli lærling
  • Livet som lærling
  • Våre lærlinger
  • Kontakt

Opplæringskontoret Brimi-kjøken

  • Bli lærling
  • Livet som lærling
  • Våre lærlinger
  • Kontakt
Mikael Genberg

Mikael Genberg

Opplev mannen som forhandlar med NASA om ei hytte på månen. Med ein heilt unik energi og utstråling på scena sprer Genberg latter og innsikt med ein inspirerande ettersmak.
Ikkje vær redd – det umoglege er mogleg, skal vi tru kunstnaren, gründaren og innovatøren Genberg fra Sverige.

Genberg har bakgrunn som kunstnar i tradisjonelle kvite rom, men har dei siste åra utvida arbeidet sitt til fantastiske hotellprosjekt, mellom anna undervannshotellet Utter Inn, trehushotellet Hotell Hackspett. Genberg vil halde eit inspirerande og spennande foredrag i Lom.

Arne Brimi

Arne Brimi

Vår «eigen» Arne Brimi er sjølvskriven på konferansen. Brimi har fått fleire utmerkingar og prisar for sitt engasjement og formidling av norsk matkultur, og vart utnevnt til ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2005. Han har forfatta eit titals kokebøker, driv i dag Vianvang i Vågå og har nyleg kjøpt praktgarden Sundhågån saman med tre datterselskap av Coop-konsernet.

Brimi brenn for gode, gjerne lokale råvarer og ser fram til inspirerande og engasjerande dagar i Lom.

Christopher Davidsen

Christopher Davidsen

I januar 2017 vart superkokken frå Rogaland kåra til sølvvinnar i den prestisjefylte konkurransa Bocuse d'Or i Lyon. Han driv no restauranten Speilsalen på nyopna Britannia Hotel i Trondheim. Dei opna dørene i år, og han har høge ambisjoner for sin fyrste restaurant.

Han tek turen til Lom - og deler hjarteleg erfaringer frå si karriere som kokk.

Cathrine Selvaag

Cathrine Selvaag

Cathrine er utdanna kokk, og arbeider med administrasjon av Ryfylkekokken som ho og mannen Frode eig og driv saman.

– Eg brenn for lokale produsenter, norsk mat og drikke, barn og unge!

Ho har vore for Gladmat festivalen / Matregionen AS / Det Norske Måltid. Ho er generelt engasjert i lokalmiljøet sitt i Stavanger, og sitt som leiar i ressursgruppe Finnøy i Næringsforeningen samt styremedlem i Tomatfestivalen.

Petter Brinchmann

Petter Brinchmann

Stolt og engasjert leiar for Nortura PROFF, Nortura si kommersielle avdeling med ansvar for Serveringsmarkedet.

– Matglede og mat med identitet er noko av det mest givande ein kan jobbe med. Matglede er kultur, nasjonal- og lokal identitet, og noko av dei viktigaste mellommenneskelege arenaene vi har. Å være medviten og ha fokus på kva vi et er heilt avgjerande. Difor arbeider vi i Nortura med matglede, sunnheit og bærekraft i alt vi gjer. Det synes eg er meinigsfylt og spennande!

Ingrid Gauden

Ingrid Gauden

– Eg brenn for ei framtidsretta og relevant fagopplæring, tilpassa ei næring i vekst, seier Ingrid Gauden frå NHO Reiseliv.

Ho har vore i NHO Reiseliv sidan august i år, som politisk rådgjevar med ansvar for rekruttering og kompetanse. Tidlegare har ho arbeidd med utdanningspolitikk i Kunnskapsdepartementet.

Marthe Dypdalen

Marthe Dypdalen

Sauebonden frå Sødorp blir lett engasjert, og har mange jern i elden.

– Eg brenn generelt for norsk landbruk, og spesielt sau, utmarksressursar og beitebruk - då det er dette eg held på med sjølv. Er oppteken av landbrukspolitikk og å engasjere seg i organisasjonsarbeid som går under norsk landbruk.

Eivind Haalien

Eivind Haalien

– Eg brenn for god mat som er laga med både hjarte, hender og hovudet. Og så liker eg bra måltid som bidreg til gode samtaler, gode opplevingar og gode minner.

Haalien er kategorisjef for Lokalmat- og Spesialiteter i NorgesGruppen ASA og held foredraget Lokalmat i Norgesgruppen – Kva, kvifor og korleis?.

Olav Lie-Nilsen

Olav Lie-Nilsen

– Eg brenn for Norsk mat og matproduksjon, matkultur og måltidsopplevingar, eigerskap og verdiskaping. Eg gler meg til å ta turen til Lom!

Nilsen driv Thorbjørnrud Hotel og Øvre Kjekshus gard, og vil halde foredrag om eierskap i verdikjeda.

Laila M. Berge

Laila M. Berge

– Eg brenn for sidestilling av yrkesfag og studiespesialisering! Har arbeidd i hotell- og restaurantnæringa i 43 år, og har ikkje angra ein dag.

Berge har arbeidd i Lærlingekompaniet sidan 1997, og har jobba som resepsjonist, servitør og vinkelner.

Bjørn Ekerbakke

Bjørn Ekerbakke

Bjørn er kjøkkensjef på Bessheim Fjellstue, som han driv saman med sambuar Kari Lund. Han er ein svært engasjert kokk, spesielt opptatt av god mat - gjerne norsk og lokal. Han har lang erfaring som kokk, både i Sjodalen og på Beitostølen.

Ola Kaurstad

Ola Kaurstad

Han og familien driv Valbjør Gard i Vågå, der driv gard med geit. Ved sidan av å lage stuttreiste produkt av høg kvalitet, har dei overnatting på garden.

– Det er mykje som motiverar meg. Men fyrst og fremst er eg lidenskapeleg oppteken av landbruk, og det å nytte ressursane vi har, geografiske som menneskelege, uten å forringe eller legge begrensinger for kommende generasjoner. Eg har klokkertro p at alle kan få til det dei vil, og at vi ikkje skal kaste bort tida på å gjere ting vi ikkje er interesserte i.

Ola Vaagaasarøygard

Ola Vaagaasarøygard

Reinsgjetar, sauebonde og turistvert på Olavsbu! Ola er levande opptatt av å nytte naturen både for matproduksjon, dyrehald og for at folk skal få oppleve den. Han er og kjend frå NRK sin dokumentarserie om reingjetarlivet i Jotunheimen.

Geir Ulekleiv

Geir Ulekleiv

Geir Ulekleiv er sivilagronom, gardbrukar og drivar av Vigga Vekst. Med base på garden sin på Lora held han kurs og aktivitetar, ut frå sin filosofi:

– Eg brenn for bærekraft og miljø. Og å kunne bidra til auka kunnskap om korleis maten blir produsert og betre dialog mellom by og land.

Øystein Rudi

Øystein Rudi

Saman med Nina er Øystein Rudi vert på Rudi Gard på Sør-Fron, og dei har sidan år 2000 utvikla kulturarrangement og opplevingar slik at dette er no hovudnæring på garden. Dei fleste aktivitetar har utgangspunkt i landbruk, kulturlandskap og lokale ressursar.

Rudi er no direktør for Gudbrandsdalsmusea. I tillegg til å være landets mest profilerte spellemenn driv han tradisjonelt landbruk på garden og skjøtsel på kulturlandskap og 30 hus i dalen og på fjellet.

Rudi er vår konferansier under Kokken, Bonden og Reiselivet i Lom i år.

Unni Strand

Unni Strand

Unni Strand er administrerande banksjef i Sparebank1 Lom og Skjåk – Fjellbanken som bankar for Norddalen - ho opner årets konferanse.

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16
Mikael Genberg
Arne Brimi
Christopher Davidsen
Cathrine Selvaag
Petter Brinchmann
Ingrid Gauden
Marthe Dypdalen
Eivind Haalien
Olav Lie-Nilsen
Laila M. Berge
Bjørn Ekerbakke
Ola Kaurstad
Ola Vaagaasarøygard
Geir Ulekleiv
Øystein Rudi
Unni Strand
Top

Partnere

rgb_SB1_Lom_skjaak_verti_bw_neg.png

Kontakt

Driftansvarleg Lene Grothe
post@brimikjoken.no
Telefon 906 44 363

Styreleiar Tor-Ivar Furuset
Telefon 952 55 589

Om oss

Opplæringskontoret Brimi-Kjøken tilbyr læreplassar knytt til bedrifter rundt Jotunheimen. Bedriftene har eit nært samarbeid med stort fokus på trivsel, og tilbyr læreplassar i faga kokk, bakar, servitør og reiseliv.

Tilrettelagt av Trollbinde