Opplæringskontoret Brimi-Kjøken vart starta i 2008, for å gje unge utdanning i kokkefaget etter Arne Brimi sin matfilosofi, i samarbeid med reiselivsbedrifter i Jotunheimen. Vi tilbyr læreplassar i kokk-, baker-, servitør- og reiselivsfaget. Bedriftene har eit nært samarbeid, og lærlingane er velkomne til å praktisere på dei ulike bedriftene.

Det blir arrangert kurs og samlingar, det blir også organisert utflukter i naturen, og av og til studieturar. Arne Brimi på Vianvang og vertskap på dei andre bedriftene tilbyr ei innhaldsrik læretid med basis i kunnskap om råvarer og historie, kultur og samanhengar i naturen.

Søknad om lærlingeplass kan sendast inn heile året og blir vurdert fortløpande. Finn det gode kokkeliv, eller til å bli den glade baker – i hjertet av Norge. Velkomen som lærling i kokk-, baker-, servitør- eller reiselivsfaget!

Her finn du oss!