Matnyttige dagar i Lom!

Om du er kokk eller bonde, tradisjonell eller utradisjonell, reiselivsbedrift, utdanningsaktør eller politikar, eller berre glad i god norsk mat – velkomen til Lom!

Målet med denne konferansen er å skape begeistring og stoltheit på tvers av fagfelta, gi ny motivasjon og samtidig vera med å sikre rekrutteringa til matfaget.

Konferansa Kokken, Bonden og Reiselivet varer frå lunsj til lunsj tysdag 13.november - onsdag 14. november.

Vi inviterer til erfaringsutveksling og inspirasjon i nasjonalparklandsbyen Lom.

 

  Arne Brimi er på heimebane i Lom i Gudbrandsdalen, og ser fram til ei matnyttig konferanse på tvers av fagfelt! (Foto: Vianvang/ Cathrine Dokken)

Arne Brimi er på heimebane i Lom i Gudbrandsdalen, og ser fram til ei matnyttig konferanse på tvers av fagfelt! (Foto: Vianvang/ Cathrine Dokken)


Program

Program med foredrag av spennende folk frå ulike fagfelt blir lagt ut 3. september, då opnar vi påmeldinga.


Overnatting

Overnatting bestiller du sjøl. Vi har innhenta gode tilbud frå overnattingsplassane i Lom.

Fossheim Hotell (telefon 61 21 95 00)
 
Fossberg Hotell (telefon 61 21 22 50)

Nordal Turistsenter (telefon 61 21 93 00)


Pris og påmelding

 

1. Konferansepakke, konferanse begge dager, 2 lunsjer, 1 middag: kr 2250,-

2. Dagpakke dag 1, inkl lunsj og middag: kr 1700,-

3. Dagpakke dag 1, inkl lunsj: kr 950,-

4. Dagpakke dag 2, inkl middag dag 1 og lunsj dag 2: kr 1400,-

5. Dagpakke dag 2, inkl lunsj: kr 650,-

Link til påmelding kjem den 3. september, meld di interesse på arrangementet på Facebook, så får du siste nytt.

Påmeldingsfrist er den 15. oktober.


Deltakarar

Informasjon kjem!


Arrangørar